Åttepunktsplanen

Forslag til korleis deltakarane i nettverket kan jobbe på eigen institusjon:

Ein viktig del av arbeidet til NOLES-nettverket er at deltakarane skal bidra til kunnskapsspreiing om lesing, skriving og munnlege ferdigheiter på eigen institusjon. Målet må vere å bidra til auka bevisstheit rundt dei grunnleggjande språklege ferdigheitene, og kva plass dei skal ha i dei ulike faga i lærarutdanninga. Under er ei liste med idear til korleis dette kan gjerast:

    1. Informera leiinga ved institusjonen om nettverket og diskutera korleis ein skal arbeide for å auke bevisstheit om lesing, skriving og munnlege ferdigheiter i alle fag.
    2. Be om at leiinga (dekan eller institusjonsansvarleg) kallar inn til møte, diskutera korleis rollefordelinga mellom PEL-faget, som har fått eit overordna ansvar for arbeid med desse ferdigheitene, og dei andre faga skal vera når det gjeld ansvar og praktisk fordeling av opplæring om skriving, lesing og munnlegheit.
    3. Be om å få litt tid på neste møte der heile personalet er samla til å informera om nettverket.
    4. Sende ein e-post til alle tilsette med ei kort oppsummering av kva du har lært etter kvar samling, og med ei lenke til nettsida der presentasjonane ligg.
    5. Setje igang kartlegging av arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene, til dømes gjennom eit enkelt spørjeskjema til ansvarlege for kvart fag ved utdanninga, og bruke dette som grunnlag for diskusjon på eigen institusjon.
    6. Mobilisera kollegaer på eigen institusjon, arbeida i team om prosjekt knytt til skriving, lesing og munnlegheit. Rolla til deltakarane i nettverket er å setja i gang prosessar, ikkje nødvendigvis delta i alle sjølv!
    7. Diskutera FoU-ressursar med leiinga, kan noko nyttast til prosjekt som er relevante?
    8. Fora nettsida til Noles med gode idèar.

 

Comments are closed.