Oppsummering av forskningskonferansen på Schæffergården

Literacy i opplæringa

 

– Barn og unge treng å lære kritisk literacy, seier Marte Blikstad-Balas.

Ho var ein hovudinnleiarane på NOLES-konferansen, som for tredje gong var halden på Schæffergården i Danmark.

Tekst: Hjalmar Eiksund, Nynorsksenteret
Foto: Esben Kamstrup, Skrivesenteret
Teksten blei først publisert på bloggen til Nynorsksenteret


Professor Marte Blikstad-Balas frå Universitetet i Oslo.

 

Heilt sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 har vi som lærarar måtta ta stilling til literacy-omgrepet. Kjell Lars Berge omtalte i 2005 den komande læreplanen som ei literacy-reform, med grunngiving i at arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene no var skrivne inn i læreplanen for alle fag.

Sidan den gong har bruken av omgrepet vakse, og trass i fleire forslag til norske erstattarord, bruker forskarar framleis den internasjonale varianten «literacy» om arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter. Vi kan lese om literacy-ferdigheiter og literacy-praksisar, om framdyrking av gode eller dårlege literacy-miljø, om literacy-undervisning og om literacy-hendingar eller -erfaringar. Det finst også eigne forskartradisjonar som mellom anna tar for seg digital literacy, tidleg literacy og kritisk literacy.

Men bruker alle forskarar omgrepet på same måte? Og kva meiner vi eigentleg når vi snakkar om literacy i opplæringa? For norske lærarutdannarar er det viktig å ha ei felles forståing av kva ein legg i omgrepet, og like viktig er det å bli kjent med korleis andre arbeider for å fremje dei grunnleggjande ferdigheitene i skulen.

Det er dette NOLES-nettverket arbeider med. NOLES er leia av Skrivesenteret, Lesesenteret og Nynorsksenteret, og arrangerer samlingar for lærarutdanningane i Noreg. I mars 2019 var NOLES vertskap for konferansen «Literacy i opplæringa», der 75 forskarar og lærarutdannarar frå Noreg og Danmark fekk leggje fram og diskutere arbeida sine med kvarandre. Konferansen var i samarbeid med Nationalt Videncenter for Læsning i Danmark.

 

Kritisk literacy

Konferansen starta med to faglege innlegg frå kvar sin kant av verda.

Det første var ved professor Marte Blikstad-Balas frå Universitetet i Oslo. Ho tok mellom anna opp at barn og unge treng opplæring i å tenke kritisk over innhaldet i ulike fagtekstar. Ho synte korleis ei opplæring som i hovudsak blir basert på skuleboktekstar, kan gjere elevar uskikka i møte med tekstar og ytringar i den verkelege verda. Ho løfta fram korleis vi som lærarar må arbeide for at elevane skal kunne skilje mellom meiningspropaganda og fagleg formidling.

Professor Rick Kern frå Universitetet i California, Berkeley, viste i sin presentasjon korleis teknologien gjennom alle tider har vore med og forma måten ytringar har blitt formidla på. Frå kileskrifta på leirtavlene i det gamle Mesopotamia, via loddrette bambus-pinnar i Kina, til dei raske skjermtekstane vi ser i dag. Heile tida har framveksten av nye skriveteknologiar gitt brukarane nye moglegheiter for kommunikasjon, men kvart medium har sine klare avgrensingar.

Det er skulen si oppgåve å trene elevane opp til å meistre dei teknologiane vi omgir oss med, til nytte både for kvar enkelt, men også for samfunnet.

Professor Rick Kern frå Universitetet i California.

 

Faglege framlegg og forskingsplakatar

Hovuddelen av NOLES-konferansen var likevel seminara der lærarutdannarar og forskarar fekk innsyn i arbeidet til kvarandre. Flesteparten av deltakarane hadde eitt eller fleire innlegg for kvarandre. Alle innlegga tok føre seg literacy og utdanning på eitt eller anna vis. Mellom anna literacy og identitet, tverrfagleg literacy, ulike former for utfordringar knytte til fleirspråklegheit, tidleg lesing og skriving, lærebokanalysar og literacy i lærarutdanninga. Mangfaldet i tema understrekar at literacy-forskinga i Noreg og Danmark tar for seg mange ulike delar av opplæringa.

Framlegga vart presentert på tre ulike måtar. Anten som forskingsplakatar, som eigne faglege presentasjonar eller som ein presentasjon etterfølgd av ein fagleg samtale med ein av hovudinnleiarane.

 

Literacy som perspektiv

Professor Atle Skaftun frå Universitetet i Stavanger avrunda tredagars-konferansen med eit tilbakeblikk på dei siste femten åra med literacy.

Han peika mellom anna på at den allsidige bruken av literacy-omgrepet, truleg kjem av at det femner breitt. Breie omgrep gjer det mogleg å gripe og snakke om komplekse samanhengar. På den måten kan literacy-omgrepet fungere som eit verktøy i å skaffe nye faglege perspektiv – som eit utgangspunkt for å diskutere korleis ein tileignar seg ulike språkpraksisar.

Språket er med på å definere måten vi ser omverda på. Tilgangen til språk er dermed avgjerande for eiga utvikling, og måten vi som enkeltmenneske tileignar oss språkkompetanse på. Literacy omfattar slik mykje av det vi arbeider med i skulen, og bruken av omgrepet gjer det slik mogleg å diskutere relativt komplekse prosessar knytte til læring generelt og språklæring spesielt.

 

 

Presentasjonane

Comments are closed.