Forskarseminaret «Språkperspektiver i læringskontekster» Schæffergaarden 23.-25. mars 2015

Forskarseminaret var eit samarbeid mellom Lesesenteret, Skrivesenteret, Nynorsksenteret og Nationalt Videncænter for læsning i Danmark. Målet med seminaret var å skape ein møteplass for nordisk forsking på lesing, skriving og munnlege ferdigheiter, på literacy, i skule og lærarutdanning.

Seminaret vart raskt fullbooka, og vi var ca. 50 norske og 30 danske deltakarar.

Hovedforedragshaldarar var James Paul Gee (USA), Helen Lines (GB) og Synnøve Matre (N), og det vart arrangert workshops med desse tre.

Forskarseminaret viste at det er stor breidde i lese- og skriveforskinga i Norge og Danmark. Paper-presentasjonane hadde god variasjon både i tema, tilnærmingsmåtar og omfang, og innlegga vart samla i ni parallelle sesjonar under hovedfanene: Fagspråk, Perspektiver på literacy, Flerfaglig utvikling av literacy, Lesing i lærerutdanninga, Skriveopplæring i skolen, Skriveopplæring i lærerutdanninga, Vurdering, respons og samtaler om meningsskaping.

Vi fekk også presentert ferske resultat frå to store forskingsprosjekt. Eitt norsk; NORM-prosjektet, og eitt dansk; READ-prosjektet. Det blir spennande å følgje resultat og publisering frå begge desse prosjekta vidare.

Vi håpar med dette at vi har etablert eit dansk-norsk samarbeid som kan fortsette, der vi deler, drøftar og problematiserer vårt felles kunnskapsgrunnlag. Vi håpar at vi kan fortsette å utvikle ei felles forståing omkring kva vi veit og kva vi må utforske vidare. Vi håpar også at vi saman kan bidra til ei auka forståing av kva lesing, skriving og munnleg som grunnleggande ferdigheiter inneber, og til å vidareutvikle ei betre lese- og skriveopplæring i skulen.

 


James Paul Gee keynote på forskningsseminaret Språkperspektiver i læringskontekster.

 


Helen Lines keynote på forskningsseminaret Språkperspektiver i læringskontekster.

 


Synnøve Matre keynote på forskningsseminaret Språkperspektiver i læringskontekster.

Comments are closed.